Krav til rekneskapen

Dei aller fleste som driv ei bedrift må føre rekneskap. Rekneskapen dannar grunnlaget for dei fleste lovpålagde oppgåvene som du skal levere til myndigheitene. Det er derfor viktig å ha gode rutinar heilt frå starten av. Ein ajourhalden rekneskap er også eit av dei viktigaste styringsverktøya dine.


Driv du eit lite enkeltpersonføretak kan du i nokre tilfelle sleppe å føre rekneskap. Dette gjeld i hovudsak dei som har under 50 000 kroner i inntekt i året og ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. Gjeld dette for deg må du likevel dokumentere alle inntektene og kostnadene og oppbevare dette etter bokføringsreglane.

Skatteetaten om fritak fra bokføringsplikten

Føring av rekneskapen

Du kan føre rekneskapen sjølv, men har du ikkje kjennskap til regelverket bør du vurdere å få deg ein rekneskapsførar. Eventuelt kan du få ein rekneskapsførar til å hjelpe deg i ein startfase.

I Noreg er rekneskapsregelverket delt i to. Ei bedrift er anten berre bokføringspliktig, eller bokførings- og rekneskapspliktig.

Dei fleste enkeltpersonføretaka er berre bokføringspliktige. Alle aksjeselskap er i tillegg rekneskapspliktige. Forenkla betyr dette at dei som er rekneskapspliktige må sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret, i tillegg til skattemelding og næringsoppgåve til Skatteetaten.

Skatteetaten - tips og råd om kontorarbeid og regnskapsføring

 

Ikkje bland økonomien til bedrifta  med privat økonomi

Opprett eigen bankkonto for bedrifta. Betal alle utgifter i næringa med middel frå bedrifta. Eit systematisk skilje mellom privatøkonomien og økonomien til bedrifta er viktig. Det kan vere både kostbart og tidkrevjande i etterkant å rydde opp i ein økonomi der økonomien til bedrifta og privatøkonomien er blanda saman.

Rekneskapssystem

Vel du å føre rekneskapen sjølv er noko av det første du må ta stilling til val av rekneskapssystem. Eit rekneskapssystem må vere systematisk og oversiktleg. Det skal blant anna vere bygd opp på ein måte som gjer at du kan køyre ut rapportar som du er pliktig til å sende til myndigheitene.

For nokre få hundrelappar i månaden får du i dag tilgang til gode web-baserte rekneskapsprogram med mykje innebygd hjelp og automatiserte føringar. Mange system vert bygde opp rundt ulike modular slik at du ikkje betalar for meir enn du treng. Utan tilsette treng du for eksempel ikkje funksjonar for å køyre lønn. Søk på nettet og ta gjerne kontakt med ulike leverandørar før du bestemmer deg.

Dersom bedrifta di har færre enn 600 vedlegg i året har du lov til å bruke eit rekneeark til bokføringa. Bruk av eit manuelt rekneark stiller likevel større krav til kunnskap om korleis bokføringa skal gjerast, og det er lettare å gjere feil. Norsk Regnskapsstiftelse har utarbeidd ein standard som omhandlar bruk av tekstbehandlings- og rekneskapsprogram i bokføringa (NBS 6). Det kan vere lurt at du set deg inn i denne før du eventuelt vel å føre rekneskapen i eit rekneark.

NBS 6 - bruk av tekstbehandlings- og regnearkprogrammer

 

Systematisering av vedlegg

Du må ha eit system for å oppbevare og ta vare på vedlegga.

Vi klassifiserer gjerne vedlegga i ulike typar:

  • Utgåande faktura (salsdokumentasjon)
  • Kassaoppgjer (ved kontantsal)
  • Bankvedlegg
  • Inngåande faktura (kjøpsdokumentasjon)
  • Diverse vedlegg

Det finst mange måtar å systematisere vedlegga på. Det vil være ulike behov frå verksemd til verksemd. Du må sjå kva som vil vere mest formålstenleg for deg. På vedlegga må du påføre ei tilvising til kor i rekneskapen vedlegget er bokført. Dagens teknologi opnar også for mange alternative måtar å systematisere på, og i dei fleste tilfella vil du kunne kaste papirvedlegga dersom du skannar dei og oppbevarar desse elektronisk. Har du ein rekneskapsførar avtalar du med vedkomande korleis du skal systematisere vedlegga.

For mange små bedrifter er det greit å systematisere vedlegga i ein perm med skiljekort for å skilje ulike vedleggstypar. Dersom du oppbevarer vedlegga elektronisk kan det vere greit å skilje vedleggstypane i ulike mapper.

Gjer det til ein vane å sortere vedlegga så snart du får dei. På den måten har du kontroll og oversikt slik at det blir enkelt å bokføre når du eller rekneskapsføraren skal gjere det. Hugs også at vedlegga er verdipapir. Ein faktura eller ei kvittering for eit kjøp du har gjort i tilknyting til bedrifta er med på å redusere skattegrunnlaget.

Når vedlegga er systematiserte, vil rekneskapsføringa vere enklare og mindre tidkrevjande. Dette vil redusere prisen du må betale for tenesta dersom du har ein ekstern rekneskapsførar.

Korleis skal kunden betale?

Skal du sende faktura, eller skal kunden gjere opp direkte når vara eller tenesta vert levert (kontantsal)? Det vert stilt ulike krav til salsdokumentasjon om du skal selje kontant eller om du skal sende faktura til kunden. Det er derfor viktig å avklare tidleg kva behovet ditt er slik at du er klar til å sende faktura eller ta imot kontant betaling så snart du startar opp.

Kontantsal (Direkte oppgjer)

Sel du kontant må du ha eit kassaapparat eller eit program som tilfredsstiller krava i bokføringsreglane. Frå 1. januar 2019 må brukarar av kassasystem nytte eit produkterklært kassasystem. Kontantsal er definert som sal der kjøparen betalar for vara eller tenesta når han tek imot henne. Dette gjeld både når betalinga skjer i form av kontantar, bankkort eller ulike betalingsløysingar på mobil (for eksempel Vipps).

Faktura

Det er klare krav til kva som krevst av informasjon på ein faktura.i bokføringsforskrifta. Det er blant anna krav om at ein faktura skal ha eit fakturanummer som vert tildelt automatisk i eit program. Alternativt må du få trykt opp blankettar på eit trykkeri, der fakturablanketten inneheld fortløpande fakturanummer og det fulle namnet til føretaket, adressa og organisasjonsnummeret.

Når kunden ikkje betalar

Jo tidlegare du er ute med å purre, jo større er sjansen for å få inn pengane. Det er viktig at du følgjer dei formelle reglane ved purring og inkasso  for at kravet skal vere gjeldande. Ønskjer du for eksempel å krevje inn purregebyr kan du tidlegast gjere dette 14 dagar etter forfall.

MVA-rapportering

Er du mva-pliktig skal du levere mva-melding til myndigheitene kvar annan månad (terminvis). Når du har vore mva-registrert i eit år, kan du søkje om årleg innlevering dersom omsetninga di er under 1 million kroner. Fristen for å søkje om årstermin er 1. februar.

Uttak til innehavar/eigar

For innehavaren/eigaren er det ulike måtar å ta ut middel frå bedrifta på, avhengig av organisasjonsformen.

I enkeltpersonføretak kan du sjølv bestemme kor mykje/lite du vil ta ut til eige forbruk. Du skattar av overskotet i bedrifta uansett.

I eit aksjeselskap er du som eigar tilsett i bedrifta på lik linje med andre arbeidstakarar. Aksjeselskapet har arbeidsgjeveransvar for deg. Du får lønn samstundes som du opparbeider pensjonspoeng og sjukepenge- og dagpengerettar (sosiale rettar).

Som eigar kan du velje å ikkje vere tilsett i bedrifta. Utbetalinga frå aksjeselskapet til eigaren kan også skje som utbyte. Men du opparbeider deg ikkje sosiale rettar av det som vert utbetalt som utbyte.

Lønn

For mange etablerarar kjem den store omlegginga i rekneskapsrutinane den dagen dei tilset nokon. Det er eit omfattande regelverk å ta stilling til i samband med tilsetjingar og utbetaling av lønn. Mange vel no å setje rekneskapen ut til ein reknskapsførar, eventuelt la rekneskapsføraren ta seg av lønnskøyringa.

Avskriving

Gjer du større investeringar i bedrifta kan det hende at desse skal avskrivast over tid. Det er du som må gjere vurderinga i forhold til om investeringa skal avskrivast, eller om du kan kostnadsføre investeringa i sin heilskap med ein gong. Kravet i rekneskapslova er at det skal følgjast ein fornuftig avskrivingsplan. Skattemessig er det gjeve klare reglar for når ei investering skal avskrivast; når ho er meint til å brukast i meir enn tre år og har ein kostpris på meir enn 15 000 kroner inkludert meirverdiavgift.

Når du avskriv ein eigedel betyr det i praksis at du frådragsfører verdifallet på eigedelen etter kvart som han vert bruka og sliten.

Avslutning av rekneskapen

Når rekneskapsåret er over skal rekneskapen avsluttast. Før du avsluttar må du sørgje for å få med alle kostnader og inntekter som skal vere med i perioden. Dette vert kalla for periodisering eller tidfesting. Driv du varehandel må du utføre vareteljing slik at varekostnaden for perioden blir korrekt.

Du skal dokumentere alle balansepostar av betydning. Det vil seie at du må vise kva som ligg bak kvar enkelt saldo i balanserekneskapen din. Eksempelvis skal saldoen i rekneskapen stemme med kontoutskrifta frå banken.

Skattemelding (tidligare sjølvmelding)

Alle næringsdrivande som er skattepliktige må sende inn skattemelding. Enkeltpersonføretak og deltakarar i ansvarlege selskap sender inn "Skattemelding for næringsdrivande" (RF-1030). Aksjeselskap, samvirkeføretak og andre upersonlege skattytarar skal sende inn "Skattemelding for aksjeselskap mv." (RF-1028).

Årsrekneskap

I tillegg til å sende inn skattemelding til Skatteetaten må alle som er rekneskapspliktige også sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Siste frist for innsending er 31. juli for bedrifter som avsluttar rekneskapen per 31.12.

 

Må eg ha revisor?

Om du må ha revisor er avhengig blant anna av kva for organisasjonsform du registrerer og storleiken på omsetninga. Enkeltpersonføretak er normalt berre bokføringspliktige og treng ikkje revisor. Aksjeselskap kan velje å ikkje ha revisor når omsetninga er på under 6 millionar kroner. Andre rekneskapspliktige selskap med over 5 millionar kroner i omsetning har i utgangspunktet plikt til å ha revisor.

Ønskjer du å lære meir?

Skatteetaten arrangerer kurs tilpassa deg som nettopp har starta bedrift. Kursa vert arrangerte over heile landet og er gratis. Her får du lære meir om: Rekneskap, forskotsskatt, skattemelding, frådragsrett, meirverdiavgift, mva-melding og elektronisk innlevering.

Gratis innføringskurs for nye næringsdrivende

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Treng du hjelp?

Bedriftsrettleiarane våre sit klare for å svare på spørsmål om å starte og drive bedrift i Noreg. Tenesta er gratis.

Telefonnummer til Altinn brukarservice 800 33 840
Åpne kontaktskjema