Vareteljing

Driv du med sal av varer har du kanskje ein del varer på lager når du skal avslutte rekneskapsåret. Det er viktig at du har kontroll på verdien av varelageret slik at rekneskapen din blir korrekt for perioden.


Du skal frådragsføre kostnaden ved kjøpet av ei vare først når ho vert solgt. Dersom du har frådragsført varene du ennå har på lager vil dette gje eit kunstig lågt resultat i perioden. Neste periode vil du kanskje selje desse varene, og då vil resultatet i denne perioden bli høgare enn det faktisk er. Det er derfor viktig å gjere ei vareteljing i samband med avslutning av ein periode, dersom du har varer av betydning på lager.

Tidspunkt for vareteljinga

Vareteljinga bør gjerast så nært opp til avslutningsdatoen for perioden som mogleg. Dersom du tel varelageret før avslutningsdatoen (mest vanleg 31.12), må du hugse å trekkje frå varer selde og leggje til varer innkomne mellom teljing og 31.12. Dersom du tel etter 31.12., må du trekkje frå varer som er kjøpte inn og leggje til varer som er selde mellom 31.12. og teljing. Dersom du ikkje har eit lagersystem som ivaretek dette kan det fort bli utfordrande å få teljinga rett. Forsøk derfor å få gjort vareteljinga så nært som mogleg opp mot avslutningsdatoen.

Dokumentasjon

Vareteljinga skal dokumenterast med vareteljingslister. Listene skal innehalde informasjon om

  • Vareart
  • Talet på varer
  • Verdi for kvar enkelt vare
  • Summeringskolonne for dei spesifiserte varene

Rekneskapsmessig og skattemessig verdi

Er du rekneskapspliktig må du ta stilling til både rekneskapsmessig og skattemessig verdi. Rekneskapsmessig skal du bruke lågaste verdi av anskaffingskost og verkeleg verdi (den reelle verdien på vara/marknadsverdien). Skattemessig skal du alltid bruke anskaffingskost. Er du ikkje rekneskapspliktig treng du berre å ta stilling til skattereglane.

Ukurante varer

Skattemessig er det ikkje tillate å skrive ned varelageret på grunn av ukurante varer eller prisfall. Ukurante varer må kastast eller seljast før du får frådrag for desse. Rekneskapsmessig kan du skrive ned varelageret for ukurans eller prisfall. Ei vare er ukurant når salsprisen er lågare enn kostprisen.

Mellombelse forskjellar

Rekneskapspliktige føretak må altså i nokre tilfelle ta stilling til ulike krav i forhold til kva tall som skal leggjast til grunn skattemessig og rekneskapsmessig. Dette fører til eit avvik mellom det skattbare og det rekneskapsmessige resultatet. Dette vert normalt justert mot ein balansekonto heiter "utsett skattefordel" eller "utsett skatteforplikting".

Tips før vareteljinga

  • Planlegg vareteljinga i god tid
  • Rydd lageret i forkant
  • Lag ein vareteljingsinstruks dersom fleire personar er involverte i teljinga
  • Har du eit lagersystem - køyr ut teljelister der alle varetypane kjem fram
  • Bruk førehandsnummererte vareteljingslister, eventuelt vareteljingsbok
  • Alle varer skal med på lista, også ukurante varer
  • Sørg for eit godt system for å ha kontroll på kva som er talt og kva som står at

Listene skal daterast og signerast av den som har utført oppteljinga. Vareteljingslistene er rekneskapsvedlegg og skal oppbevarast i 5 år. 

Regnskapsstiftelsen - NRS 1 - Varer

Bokføringsforskriften om dokumentasjon av varelager

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema