Rekneskapsplikt

Rekneskapslovgjevinga i Noreg brukar to omgrep for å belyse at rekneskapsplikta er differensiert. Dette er avhengig av organisasjonsforma og storleiken på omsetninga. Ei verksemd er anten berre bokføringspliktig, eller både bokføringspliktig og rekneskapspliktig.


Dei verksemdene som berre er bokføringspliktige treng ikkje å lage ein årsrekneskap som skal sendast til Rekneskapsregisteret. Ei verksemd som berre er bokføringspliktig må likevel føre ein rekneskap etter bokføringsreglane. Dette vert bruka som grunnlag for utfylling av næringsoppgåva til Skatteetaten. .

Kva er rekneskapsplikt?

Eit verksemd som har rekneskapsplikt må utarbeide ein årsrekneskap som minst består av resultat, balanse og notar. Større verksemder må også utarbeide ei årsmelding. Årsrekneskapen skal sendast til Rekneskapsregisteret på skjema for årsrekneskap i Altinn og vil vere offentleg tilgjengeleg for dei som ønskjer innsyn. Innsending av årsrekneskapen må gjerast i tillegg til innsending av skattemeldinga til Skatteetaten.

Kven er rekneskapspliktig?

Det er organisasjonsforma og storleiken på verksemda som avgjer om ho er rekneskapspliktig. Alle aksjeselskap er for eksempel rekneskapspliktige. Små enkeltpersonføretak har normalt ikkje rekneskapsplikt. Nokre bransjar har også rekneskapsplikt uavhengig av organisasjonsformen. Dette gjeld for eksempel rekneskapsførarar og revisorar.

Brønnøysundregistrene om regnskapspliktige enheter

Regnskapsloven

Regnskapsloven om årsregnskap og årsberetning

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema