Store og små føretak

Rekneskapslova skil mellom store og små føretak. Dei fleste aksjeselskap er små føretak.


Store føretak

Etter rekneskapslova er allmennaksjeselskap (ASA) og børsnoterte føretak alltid å rekne som store. Andre rekneskapspliktige kan også reknast som store føretak etter spesielle reglar.

Rekneskapslova om store føretak

Små føretak

Denne kategorien omfattar rekneskapspliktige føretak som ikkje vert rekna som store, og som to år på rad oppfyller minst to av desse tre krava:

  • Salsinntekter er mindre enn 70 millionar kroner
  • Balansesum (summen av eigedelane i balansen) er mindre enn 35 millionar kroner
  • Færre enn 50 tilsette målt i gjennomsnittleg tal på årsverk i rekneskapsåret

 

Det er verdien ved utgangen av rekneskapsåret (vanlegvis 31.12.) som skal leggjast til grunn, men du skal vere over grensa to år på rad for å endre definisjonen av føretak. For eksempel må eit føretak som blir større, vere over grensa to år på rad. Status vert endra frå og med det andre året. Tilsvarande gjeld for eit føretak som blir mindre.

For nystarta føretak skal forholda ved utgangen av det første rekneskapsåret leggjast til grunn. Små føretak har eksempelvis forenkla krav til notar og må heller ikkje utarbeide årsmelding og kontantstrømoppstilling. Det er utarbeidd ein eigen rekneskapsstandard for små føretak (NRS 8).

Regnskapslova om små føretak

Rekneskapsstiftinga – NBS 8 – God regnskapsskikk for små føretak

Konsern

Morselskap i konsern vert berre rekna som små dersom konsernet samla oppfyller vilkåra.

Andre føretak

Dei som ikkje kjem inn under definisjonen på store eller små føretak vert kalla "andre føretak".

Åpne kontaktskjema