Skatt for samvirkeføretak (SA)

Eit samvirkeføretak (SA) er ei eiga juridisk eining. Det vil seie at føretaket sjølv er ansvarleg for å rapportere inn og betale skatt. Medlemane (eigarar) betalar skatt av det dei tek ut i lønn.


Utrekning av skatt

Det skal reknast 22 prosent skatt av overskotet. Skatten, som vert kalla forskotsskatt, skal likevel ikkje betalast før året etter at overskotet er opptent.

For å få rekna ut skatt for nyetablerte føretak, må skjema "RF-1097 Søknad om endring av eller krav om forskottsskatt - upersonleg skattytar" fyllast ut og sendast inn via Altinn. Ønskjer du å endre forskotsskatten, for eksempel på grunn av endringar i inntektene, nyttar ein same skjema. For selskap som tidlegare har levert skattemelding vert forskotsskatten rekna ut på grunnlag av siste fastsetjing.

Frådrag for etterbetaling

I vedtektene kan ein bestemme at heile eller delar av overskotet kan delast ut til medlemane på bakgrunn av omsetninga deira med føretaket (etterbetaling). Følgjande SA kan krevje frådrag i inntekta si for slike etterbetalingar til medlemane sine: 

  • Forbrukarsamvirke med fast utsalsstad, når meir enn halvparten av den regulære omsetninga skjer til medlemane i føretaket.
  • Innkjøpsføretak som fordeler forutbestilte varer blant medlemane sine.
  • Føretak som utelukkande eller hovudsakeleg kjøper inn råemne eller driftsmiddel til bruk i jordbruk, skogbruk eller fiske, forhandlar produkt frå jordbruks-, skogbruks- eller fiskeriverksemd til medlemane eller foredlar produkt frå jordbruks- eller fiskeriverksemd til medlemane.

Føresetnaden for å få slikt frådrag er at

  • vedtektene gjev heimel for etterbetaling,
  • mottakarane er medlemar,
  • det ligg føre eit rekneskapsmessig årsoverskot og
  • utdelinga skjer på grunnlag av medlemane si omsetning med føretaket.

Betaling

Skatten skal betalast i to like terminbeløp i løpet av første halvår året etter inntektsåret. Fristane er 15. februar og 15. april.

Dersom du reknar med at innbetalt skatt er for lågt i forhold til inntektene slik at du forventar restskatt, kan du innan 31. mai betale tilleggsforskot.

Oversikt over kor mykje som skal betalast i skatt, vert send ut av Skatteetaten via Altinn i januar. Sørg for at kontaktinformasjonen til føretaket ditt er oppdatert i Altinn, slik at du kan få e-postvarsel.

Det blir sendt ut innbetalingsblankett med konto- og KID-nummer. Dersom du ønskjer å betale tilleggsforskot, må du generere KID-nummer på Skatteetaten sine nettsider. Her finn du også riktig kontonummer.

Skatteetaten - lag KID-nummer for skatt

Ved behandling av skattemeldinga vert eventuell restskatt utrekna, og du får i så fall tilsend innbetalingsblankett.

Rapportering

Skattemeldinga for føretaket skal sendast inn til Skatteetaten innan 31. mai. Frå og med inntektsåret 2023 skal du sende inn skattemeldinga via rekneskaps- eller årsoppgjersprogram.

Samvirkeføretak:

  • utan omsetning i inntektsåret, eller
  • som vart stifta mot slutten av inntektsåret,

må sende inn skattemelding.

Samvirkeføretak som eig aksjar i anna selskap

Samvirkeføretak som eig aksjar i anna selskap vert som hovudregel fritekne for skattlegging av gevinstar og utbyte på aksjar (fritaksmetoden). Dette gjeld innanfor EØS, og normalskatteland utanfor EØS. Tap gjev tilsvarande ikkje rett til frådrag.

Det er likevel ein sjablongregel som inneber at tre prosent av inntektene som er fritekne for skatteplikt etter fritaksmetoden, likevel skal reknast som skattepliktig inntekt.

Sjablongregelen omfattar berre utbyte og utdeling. Gevinstar ved realisasjon av aksjar vert dermed ikkje omfatta av treprosentregelen. Heller ikkje gevinst og utbyte i konsernforhold innanfor EØS (skattemessig konsern) skal omfattast, noko som medfører at det ikkje skal reknast skatt av slike gevinstar.

Skatte-ABC om fritaksmetoden

Åpne kontaktskjema