Skattetrekksmeldinga blir sendt til einskildpersonar som har fått utferda skattekort eller forskotsskatt. Du må vere registrert som e-brukar for Skatteetaten sine tenester for å sjå skattetrekksmeldinga elektronisk. Du finn ho i innboksen.

Til innboksen

Om denne tenesta

Skattetrekssmeldinga blir distribuert heile året.

Tilgjengeleg for alle e-brukarar med skattekort eller forskotsskatt.

Tenesta krev personleg pålogging.

Tryggleiksnivå 2.

Skattetrekksmeldinga informerer om skattetrekket, det vil seie den trekktabellen og/eller prosentsatsen som arbeidsgivar skal trekkje skatt etter, og grunnlaget for utrekninga av dette. Du skal kontrollere grunnlaget og eventuelt endre skattekortet. Du kan gå direkte frå meldinga til tenesta for å endre skattekort. Når skattekortet er endra får du ny skattetrekksmelding. Meldinga inneheld òg ei lenkje til tenesta Mine arbeidsgivarar. Der ser du kva for arbeidsgivarar som har henta skattekortet ditt.

Du skal ikkje sende og/eller levere skattetrekksmeldinga til arbeidsgivaren din. Frå og med 2014 må arbeidsgivar hente skattekort for dei tilsette direkte frå Skatteetaten.

Du kan lese meir på www.skatteetaten.no

Trenger du hjelp?

Telefon: 800 800 00

Epost

Åpne kontaktskjema