Fristen for å søkje om utsetjing for levering av skattemeldinga for næringsdrivande er 31.05.2021. Du kan søkje om utsett frist for levering til 20. august. Fristen er forlenga på grunn av koronapandemien og du kan sjå bort frå utsetjingsdatoen 30. juni i altinn- skjemaet RF-1114.  Vi oppmodar likevel næringsdrivande til å rapportere pliktige opplysningar så tidleg som mogeleg.

Om denne tenesta

Fristen for å søkje om utsetjing for levering av skattemeldinga for næringsdrivande for inntektsåret 2020 er 31.05.2021. Skjema for søknad om utsett frist for inntektsåret 2020 er tilgjengeleg frå 04.01.2021 til og med 31.05.2021. Dersom søknaden blir innvilga gis det utsetjing til 20 august.

Skjemaet skal sendast inn av næringsdrivande som søkjer utsett leveringsfrist for RF-1030 for næringsdrivande, RF-1028, RF-1215 eller RF-1245.

Skjema kan ikkje brukast av skattepliktige etter petroleumsskatteloven som leverer skattemelding RF-1323. Dei må kontakte Oljeskattekontoret for å søkje om utsetjing.

Rekneskapsførarar og revisorar som bistår næringsdrivande klientar kan søkje om utsetjing for sine klientar ved å levere RF-1113 elektronisk via Altinn.

Som følgje av koronapandemien er det gjort følgjande endringar for næringsdrivande:

  • Fristen for utsetjing er forlenga frå 30. juni til 20. august og
  • Avgrensinga til 10 % av klientmassen gjeld ikkje for næringsdrivande klientar

Desse endringene gjeld ikkje søknad om utsetjing på vegne av klientar som er lønntakarar eller pensjonistar.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering kan du gjøre med rolla Avgrensa signeringsrett, Rekneskapsførar med signeringsrett, Revisorrett eller Ansvarleg revisor.

Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg.  Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema