Innleige av arbeidskraft

Hovudregelen i arbeidsmiljølova er at arbeidstakarar skal bli fast tilsette i verksemda dei jobbar i. På visse vilkår og i visse situasjonar er det likevel mogleg å nytte innleigd arbeidskraft. For å leige inn lovleg er det eit krav at bemanningsføretaket det leiges inn frå er godkjent av Arbeidstilsynet.


Oversikt - regelverk for ulike typar innleige

Type tilknyting/bransje Hovudtrekk Heimel
Innleige av arbeidstakarar frå bemanningsføretak Avtale om innleige kan som hovudregel inngåast: Arbeidsmiljølova § 14-12
- - Ved arbeid i staden for ein annan eller andre (vikariat)
- - ved praksisarbeid
- - med deltakar i arbeidsmarknadstiltak i regi av NAV
- - med idrettsutøvarar, idrettstrenarar, dommarar og andre leiarar innan den organiserte idretten
- - Ved arbeid av mellombels karakter etter tidsavgrensa avtale med dei tillitsvalde. Gjelder berre for verksemder som har tariffavtale med fagforeining med innstillingsrett. Arbeidsmiljølova § 14-12 (2)
Innleige av arbeidstakarar med spesialkompetanse frå bemanningsføretak Avtale om innleige av arbeidstakarar som skal utføre rådgjevings- og konsulentteneste i klart avgrensa prosjekt kan inngåast. Med rådgjevings- og konsulentteneste meinast levering av spesialisert kunnskap innanfor eit bestemt fagområde. Forskrift om innleige frå bemanningsføretak § 3b
Innleige frå bemanningsføretak til bygningsarbeid på byggjeplassar i Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold og Vestfold Forboden Forskrift om innleige frå bemanningsføretak § 4
Innleige av helsepersonell frå bemanningsføretak - Avtale om innleige kan inngåast når arbeidet er av mellombels karakter, og er nødvendig for å sikre forsvarleg drift av helse- og omsorgstenester. Forskrift om innleige frå bemanningsføretak § 3a
Innleige av arbeidstakarar frå andre føretak enn bemanningsføretak Tillaten på visse vilkår når den innleigde arbeidstakar er fast tilsett hos utleigar. Arbeidsmiljølova § 14-13
Bruk av sjølvstendige konsulentar Kan grense mot innleige /tilsetjing. Må gjerast konkret vurdering. Arbeidsmiljølova § 14-13 og Folketrygdlova § 1-10

Kva blir rekna som innleige

Innleige av arbeidskraft inneber ein avtale om leige av arbeidstakarar frå arbeidsgivar (utleigar) til ein oppdragsgivar (innleigar) der de innleigde er underlagt oppdragsgivaren si leiing. Som innleigar nyttar du dei tilsette som om dei var dine eigne, samtidig som det er utleigar som har det formelle ansvaret som arbeidsgivar, og betaler ut lønn, feriepengar, tar imot og følger opp sjukmeldingar og betaler pensjon. Ved vurderinga av om ein avtale mellom to verksemder inneber innleige, skal det særleg bli lagt vekt på om oppdragsgivar har leiinga av arbeidet og ansvar for resultatet. Andre relevante forhold er mellom anna om det i hovudsak skal bli levert arbeidskraft, om arbeidet skjer i nær tilknyting til oppdragsgivaren sine verksemder, og om arbeidet dekkjer eit vedvarande arbeidskraftbehov hos oppdragsgivar, og om arbeidet skjer innanfor oppdragsgivaren sin kjerne- eller hovudaktivitet.

Innleige av arbeidstakarar frå bemanningsføretak

Det er som hovudregel tillaten å inngåast avtale om innleige ved arbeid i staden for ein annan eller andre (vikariat). For verksemder som har tariffavtale med store fagforeiningar er det i tillegg mogleg å leige inn tilsette ved arbeid av mellombels karakter etter tidsavgrensa avtale med de tillitsvalde. Arbeidstakar som er innleigd frå bemanningsføretak skal ha lønns- og arbeidsvilkår som om vedkommande var tilsett direkte i innleigebedrifta.

Arbeidstilsynet om innleige av arbeidskraft frå bemanningsføretak

Arbeidstilsynet – finn godkjente bemanningsføretak i området ditt

Innleige av arbeidstakarar med spesialkompetanse, som skal utføre rådgjevings- og konsulentteneste i klart avgrensa prosjekt

Innleige av arbeidstakarar med spesialkompetanse, som skal utføre rådgjevings- og konsulentteneste i klart avgrensa prosjekt er tillaten. Med rådgjevings- og konsulentteneste meinast levering av spesialisert kunnskap og rådgjeving innanfor eit bestemt fagområde. Med "klart avgrensa prosjekt" meinast at arbeidet som skal bli utført av den innleigde skil seg i art frå det verksemda normalt driv med. Innleigar skal dokumentere grunnlaget for innleige etter denne føresegna når tillitsvalde ber om det.

Innleige av helsepersonell

Innleige av helsepersonell frå bemanningsføretak er tillaten i same utstrekning som det er tillaten mellombels tilsetjing når arbeidet er av mellombels karakter. Det er et krav at innleiinga er nødvendig for å sikre forsvarleg drift av helse- og omsorgstenesta. Innleigar skal dokumentere grunnlaget for innleige etter denne føresegna når tillitsvalde ber om det.

Forbod mot innleige frå bemanningsføretak til bygningsarbeid på byggjeplassar i Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold og Vestfold

For innleige frå bemanningsføretak til bygningsarbeid på byggjeplassar i Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold og Vestfold gjelder eit totalforbod.

Med bygningsarbeid meinast:
1. oppføring av bygningar
2. innreiings-, utsmykkings-, og installasjonsarbeid
3. montering og demontering av prefabrikkerte element
4. riving, demontering, ombygging og istandsetting
5. sanering og vedlikehald, utanom arbeid som er rutinemessig eller mindre omfattande
6. graving, sprenging og annet grunnarbeid i tilknyting til byggjeplass
7. annet arbeid som blir utført i tilknyting til byggjearbeid.

Med byggjeplass meinast alle arbeidsplassar kor det blir utført mellombels eller skiftande bygningsarbeid av eit visst omfang.

Krav på fast stilling etter langvarig innleige

Arbeidstakar som har vært samanhengande utleigd frå bemanningsføretak til ein innleigar i meir enn tre år, har rett til fast tilsetjing hos innleigar. Dette inneber mellom anna at reglane om oppseiing gjeld etter tre år.

Opplysningsplikt til bemanningsføretak og egne tillitsvalde

Når dykk leiger inn arbeidskraft må dykk skriftleg gi opplysningar til bemanningsføretaket om
- arbeidstida si lengde og plassering
- overtidsarbeid
- pausar og kvileperiodar
- nattarbeid
- ferie, feriepengar, fridagar og godtgjersle
- lønn og dekning av utgifter
- gode for tilsette
Dei tillitsvalde kan be om dokumentasjon av lønns- og arbeidsvilkåra som er avtalt mellom innleigd arbeidstakar og bemanningsføretaket.

Klargjer ansvar for HMS og rutinar

Som innleigar må dykk saman med bemanningsføretaket avklare kven som har ansvaret for dei ulike delane av HMS på arbeidsplassen. Innleigar skal sørgja for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Dette inkluderer nødvendig opplæring for å sikre at den innleigde har nødvendige kvalifikasjonar og godkjenningar.

Solidaransvar for innleigd arbeidstakar

Om bemanningsføretaket ikkje vil eller kan betale det den innleigde arbeidstakarar har krav på, står dykk som innleigebedrift ansvarleg for å betale dette. Arbeidstakar må fremme kravet skriftleg til innleigar innan tre månadar etter manglande utbetaling av lønn, feriepengar eller godtgjeringar.

Drøfting av bruken av innleigd arbeidskraft

Som arbeidsgivar skal du minst ein gong i året drøfte bruken av innleigd arbeidskraft og praktiseringa av kravet om likebehandling med dei tillitsvalde. Både grunnlaget, omfanget og konsekvensar for arbeidsmiljøet skal være tema. De tillitsvalde må få dokumentasjon som er nødvendig for å kunne drøfte dette.

Innleige av arbeidskraft frå produksjonsbedrift

Innleige frå verksemder som ikkje har til formål å drive utleige, er tillaten når den innleigde arbeidstakar er fast tilsett hos utleigar. For at verksemder skal kunne seie å ikkje ha til formål å drive med utleige, er det eit vilkår at utleige skjer innanfor dei same fagområda som utgjer utleigaren sin hovudaktivitet, og at utleigeaktiviteten ikkje omfattar meir enn 50 prosent av dei fast tilsette hos utleiger. Nokon gonger gjelder strengare krav.

Arbeidstilsynet om innleige av arbeidskraft frå andre verksemder enn bemanningsføretak

Konsekvensar av ulovleg innleige

Ein innleigd arbeidstakar kan gå til sak og krevje fast tilsetjing om dykk ikkje oppfyller krava til å kunne leige inn mellombels arbeidskraft frå bemanningsføretak. Arbeidstakar kan krevje erstatning frå innleigar. Innleigar kan bli pålagt å avslutte ulovlege innleigeforhold, og kan få gebyr for regelbrot ved alvorlege brot på regelverket.

Arbeidstilsynet om gebyr for regelbrot

Åpne kontaktskjema