Ytringsfridom, varslingsrett og lojalitetsplikt

Alle arbeidsavtalar byggjer på ein føresetnad om eit tillitsforhold mellom arbeidsgjevaren og arbeidstakaren, og at arbeidstakaren har ei lojalitetsplikt overfor arbeidsgjevaren.


Dette inneber blant anna at arbeidstakaren ikkje bør ta på seg anna arbeid som på ein uforholdsmessig måte står i eit konkurranseforhold til arbeidsgjevaren, og at arbeidstakaren skal slutte opp om arbeidsgjevaren sine interesser så langt det er nødvendig for arbeidsforholdet.

Arbeidstakar si lojalitetsplikt

Lojalitetsplikta er ikkje lovregulert, men reaksjonar på visse brot på lojalitetsplikta er likevel regulerte. For eksempel kan arbeidstakaren straffast med bot eller fengsel dersom han eller ho utnyttar forretningsløyndomar i ei konkurrerande næringsverksemd.

Arbeidstakar sin ytringsfridom

Ytringsfridomen er ein grunnlovsfesta menneskerett. Den tilsette si lojalitetsplikt beskyttar berre mot ytringar som på illojal måte skadar arbeidsgjevaren sine rettmessige og saklege interesser. Lojalitetsplikta inneber ingen generell adgang til å regulere eller sanksjonere dei tilsette sine ytringar. Arbeidsgjevarar kan derfor ikkje slå ned på ytringar fordi dei vert oppfatta som uønskte eller uheldige. Utsegn som ikkje er underlagde teieplikt og som i hovudsak gjev uttrykk for arbeidstakaren sine eigne oppfatningar vil vanlegvis vere tillatne.

Grunnloven om ytringsfrihet

Arbeidstakar sin varslingsrett

Arbeidstakarar har rett til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda. Gjengjelding mot arbeidstakarar som varslar er forbode. Arbeidstilsynet har informasjon om kva som er forsvarleg framgangsmåte ved varsling, om arbeidsgjevaren si plikt til å leggje til rette for varsling, og kva tiltak som skal setjast i verk.

Arbeidstilsynet om varsling av kritikkverdige forhold i virksomheten

Kontakt og hjelp:

Arbeidstilsynet

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema