Konkurs i enkeltpersonføretak

Har du eit enkeltpersonføretak der du ikkje lenger klarar å innfri dei økonomiske forpliktingane dine, då må du vurdere om du er konkurs. Konkursen melder du til tingretten der enkeltpersonføretaket er registrert. Formålet med konkursbehandlinga er å få oversikt over og å realisere eventuelle eigedelar slik at krava mot deg i størst mogleg grad kan gjerast opp.


For at eit enkeltpersonføretak skal reknast for å vere konkurs må det vere insolvent. Insolvent betyr at ein ikkje er i stand til å gjere opp dei økonomiske forpliktingane sine ved forfall, og at det heller ikkje er eigedelar i verksemda til å dekkje gjelda. Føretaket må ein vere varig ute av stand til å gjere opp forpliktingane sine. Sidan det ikkje er nokon forskjell på økonomien til enkeltpersonføretaket og eigaren sin privatøkonomi, vert eigaren slått personleg konkurs i desse tilfella.

Tingretten opnar konkurs etter krav frå vedkomande sjølv eller frå ein kreditor.

Krav om konkurs frå eigaren sjølv

  • I eit enkeltpersonføretak er det du som eigar som har det personlege ansvaret for økonomien i verksemda. Kjem du fram til at enkeltpersonføretaket ditt er insolvent, så er det ditt ansvar å melde oppbod til den lokale tingretten eller eventuelt byfogdembete.
  • Meldinga som du sender frå verksemda til tingretten vert kalla å melde oppbod. I tillegg til melding om oppbud skal det sendast over enkelte vedlegg (firmaattest, liste over kreditorar, stilte sikkerheiter og liste over eigedelar).

Oppbudsbegjæring for enkeltpersonføretak

Konkursbehandlinga

  • Tingretten behandlar meldinga om oppbud og vurderer om verksemda er insolvent eller ikkje. Dersom det ligg føre insolvens, opnar tingretten konkurs, og det vert oppnemnd ein bustyrar. Bustyraren er normalt ein advokat og er den som skal gjennomføre konkursbehandlinga.
  • Konkursen inneber at alle eigedelane til deg som eigar av enkeltpersonføretaket (kalla skuldnaren) blir beslaglagde til fordel for kreditorane. Når tingretten har opna konkurs, mistar du omgåande råderetten over eigedelane dine. Råderettten vert overført til konkursbuet ved bustyraren.
  • Eigedelar som du og familien din har behov for kan behaldast, for eksempel klede og innbu. Du kan fortsetje å arbeide eller skaffe deg nytt arbeide, og du vil i utgangspunktet behalde vanleg lønnsinntekt som familien treng til livets opphald.
  • Du pliktar å gje tingretten og bustyraren alle opplysningar om dei økonomiske forholda dine og om forretningsførselen før og under konkursen. Du pliktar også å hjelpe til med å skaffe fram blant anna rekneskapsbilag og andre dokument av betyding for bubehandlinga, og elles yte nødvendig bistand. Du pliktar å hjelpe buet vederlagsfritt.
  • Etter at bustyraren har teke ein fullstendig gjennomgang av den økonomiske stillinga di, vert bubehandlinga avslutta. Bubehandlinga blir innstilt av tingretten dersom det ikkje er middel til å fortsetje bubehandlinga. Dersom det er middel i buet, vert bubehandlinga avslutta ved at midla i buet blir delte ut til kreditorane slik at desse får forholdsmessig dekning.

Etter konkursbehandlinga

Gjelda blir ikkje sletta etter at konkursbehandlinga er avslutta. Som innehavar er du personleg ansvarleg og heftar fullt ut for all gjelda som er pådregen. Dette inneber at du er ansvarleg for den delen av gjelda som ikkje blir dekt under bubehandlinga.

Dersom du framleis har alvorlege gjeldsproblem etter at bubehandlinga er avslutta, er det mogleg å søkje om gjeldsordning.

Politiet om gjeldsordning

Gjeldsordningslova

Konkursrådet – informasjon om personleg konkurs

 

Åpne kontaktskjema