Betaling av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift

Som arbeidsgjevar må du rekne ut og betale forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift av lønnsutbetalingar. Betaling av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift vert gjort seks gonger i året


Fristar for betaling:

1. termin - 15. mars
2. termin - 15. mai
3. termin - 15. juli
4. termin - 15. september
5. termin - 15. november
6. termin - 15. januar

Fell fristen på ei helg eller ein helligdag er det første kvardag etter fristen som gjeld.

Grunnlag

Grunnlaget for kva du skal betale finn du i a-meldinga som du har levert dei to føregåande månadene.

Kven skal du betale til?

Betalinga vert som hovudregel gjort til skatteoppkrevjaren i den kommunen der bedrifta er etablert. Når du leverer a-meldinga får du ei tilbakemelding der kontonummer, KID og kven du skal betale til går fram. Tilbakemeldinga finn du i "Innboksen" i Altinn eller i lønnssystemet. Du må sjølv summere dei to månadene før betaling.

Skatteetaten om betaling av forskuddstrekk og arbeidsgiveravgift

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema