A-meldinga — rapportering av lønn og tilsette

Når du har tilsette og betalar ut lønn har du ein del lovpålagde rapporteringsplikter du må ta stilling til.


Månadleg rapportering

Som arbeidsgjevar har du blant anna plikt til å: 

  • Melde start, endring og opphøyr av arbeidsforhold til Arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret). 
  • Rapportere lønn og andre ytingar til Skatteetaten og NAV. 
  • Levere opplysningar til Statistisk sentralbyrå (SSB).

Desse opplysningane skal du rapportere gjennom a-meldinga.

Skatteetaten om A-meldinga

A-opplysningsloven

Skjema:

A-melding - direkte rapportering på skatteetaten.no

A-melding innsending fra system
Forenklet a-melding for veldedig eller allmennyttig organisasjon
Melding om lønnet arbeid i hjemmet
A-melding avstemmingsinformasjon

Fristar

A-meldinga skal sendast inn kvar månad. Fristen for å levere er den 5. i månaden etter tilsetjinga eller utbetalinga av lønna eller ytinga. Dersom den 5. er helg ellerheilagdag, er fristen første yrkedag etter. Leverer du ikkje a-meldinga, eller leverer ho med feil, kan du bli ilagd tvangsmulkt.

A-ordninga — frister og betaling i a-meldinga

Organisasjonsnummer for a-meldinga

I a-meldinga skal du identifisere føretaket ditt ved å oppgi organisasjonsnummeret på hovudeininga. Om du har tilsette, skal du også oppgi organisasjonsnummeret for undereininga(Ei undereining identifiserer aktiviteten hovudeininga driv) som den tilsette er knytt til i føretaket.

Rettleiing til A-meldinga

Du finn organisasjonsnummeret til undereininga ved å søkje på "Finn verksemd" på brreg.no og deretter velje "Oversikt over registrerte undereininga" nedst på sida.

Brønnøysundregistera — finn verksemd

Registrering som arbeidsgjevar

Når du sender inn a-meldinga blir bedrifta automatisk registrert som arbeidsgjevar i Aa-registeret hos NAV.

Registrering av arbeidsforhold

Når du sender inn den første a-meldinga vert den tilsette automatisk registrert som arbeidstakar i Aa-registeret. Arbeidstakaren vil vere registrert som arbeidstakar i verksemda di heilt til du melder ein sluttdato. Du må levere a-meldinga kvar månad inntil arbeidsforholdet stansar, sjølv om du ikkje betalar ut lønn.

Sporadisk tilsette

Har du sporadisk tilsette med arbeidsforhold som ikkje er avslutta, må du sende inn a-meldinga sjølv om det ikkje har vore nokre lønnsutbetalingar i perioden. Opplysningar om arbeidsforholdet skal sendast inn så lenge det ikkje er avslutta. Dersom du veit at utbetalinga er ei eingongsutbetaling kan du setje start- og sluttdato i same melding.

Rapportering av permitteringar

Dersom den tilsette er permittert skal du oppgje dette i a-meldinga. Oppgje datoen permitteringa startar og gjenta startdatoen i kvar a-melding så lenge permitteringa varar. Lønnspliktdagar skal inngå i permitteringsperioden.

Veileding til A-meldinga om rapportering av permittering

Innsyn i Aa-registeret

Arbeidsgjevarar kan til kvar tid sjå kva som er registrert i Aa-registeret via "Min side - arbeidsgiver" på NAV. Under "Arbeidsforhold" ligg ei oversikt over alle tilsette og informasjon om arbeidsforholda. Informasjonen vert henta frå det som er rapportert i a-meldinga. Dersom du finn feil i opplysningane må du sjølv korrigere opplysningane gjennom a-meldinga.

NAV - Min side - arbeidsgjevar

Årleg samanstilling

Som arbeidsgjevar skal du etter årets slutt, innan 1. februar, gje inntektsmottakaren ei årleg samanstilling over alle rapporterte opplysningar. Samanstillinga skal i tillegg vise feriepengegrunnlaget, forskotstrekk og tilsettnummer bruka til å identifisere den tilsette i systema dine. Det er ikkje noko formkrav til korleis samanstillinga skal sjå ut, berre til innhaldet.

Skatteetaten om krav til innhald og eksempel på innhald i den årlege samanstillinga

Åpne kontaktskjema