Drift av ansvarleg selskap

Selskapsmøtet er øvste myndigheit i eit ansvarleg selskap og består av deltakarane. Det er deltakarane samla som i selskapsmøtet kan gjere vedtak i alle saker. Deltakarane kan også velje å opprette eit styre som vil ha ansvar for forvaltninga av selskapet mellom selskapsmøta.


Det er selskapsmøtet som vel styremedlemane. Selskapsmøtet har instruksjons- og omgjeringsmyndigheit. Dersom selskapet har styre eller har tilsett ein dagleg leiar, som ikkje er deltakar, har desse møteplikt i selskapsmøtet.

Selskapsmøtet

Det vert ikkje stilt strenge krav til innkallinga til selskapsmøtet. Det er for eksempel ikkje krav til skriftleg framstilling, så innkallinga kan skje på annan formålstenleg måte. Innkallinga må oppgje kva som skal behandlast. Deltakarane må få innkallinga i tilstrekkeleg tid i forkant, slik at dei kan setje seg inn i dagsordenen. Både den enkelte deltakaren, ein eventuelt styremedlem eller dagleg leiar/forretningsførar kan kalle inn til selskapsmøte.

Selskapsloven om selskapsmøtet

Selskapsloven om innkalling til selskapsmøte

 

Det er berre deltakarane som kan røyste på selskapsmøtet, og vedtak må vere samrøystes, sjå selskapslova § 2-12 om kva krav som vert stilte til røystegjeving og protokollføring. Dersom deltakarane ønskjer å vike av frå hovudregelen om kven som har røysterett, og kravet om å vere samrøystes, må dette gjerast i selskapsavtalen.

Selskapsloven om beslutningsmyndighet

Signatur

I eit ansvarleg selskap utan styre er det kvar enkelt deltakar som har signaturrett om ikkje anna er avtalt. Signaturrett er fullmakt til å opptre og skrive under, på vegner av selskapet, i alle samanhengar. Det kan avtalast at ein eller fleire deltakarar skal ha signaturrett, kvar for seg eller i fellesskap.

Dersom selskapet har styre, er det styret i fellesskap som har signaturrett om ikkje anna er avtalt. Selskapsmøtet kan bestemme at eitt eller fleire styremedlemar skal ha signaturrett, kvar for seg eller i fellesskap. Selskapslova opnar ikkje for andre signaturreglar.

Selskapsloven om signatur

 

Endringar av signatur melder ein via Samordnet registermelding. Protokollen frå selskapsmøtet skal leggjast ved, med mindre heile styret signerer i skjemaet.

Prokura

Selskapsmøtet, eventuelt styret, har også høve til å tildele prokura. Det er ei avgrensa fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av selskapet i den daglege drifta. Den som er tildelt prokura kan ikkje hefte eller selje den faste eigedomen til selskapet. Selskapsmøtet, eventuelt styret, kan gje prokura til ein eller fleire personar, kvar for seg eller i fellesskap.

Registrering eller endring av prokura melder ein via Samordnet registermelding.

Endring i deltakarsamansetninga

I utgangspunktet kan ikkje ein selskapsdel overdragast til ein ny eigar utan at dette vert godkjent av dei andre deltakarane. Dette kan fråvikast i selskapsavtalen.

Det kan også avtalast særskilt at dei andre deltakarane skal ha forkjøpsrett. Den som eventuelt nyttar seg av ein forkjøpsrett skal betale det delen er verd.

Dersom dei andre deltakarane godkjenner overdraginga, tek den nye deltakaren over alle rettar og plikter som den gamle deltakaren hadde ovanfor dei andre deltakarane.

For kreditorane til selskapet er ny og gamal deltakar solidarisk ansvarlege for forpliktingane til selskapet ved eigarskifte. (Solidarisk ansvarleg betyr at ein kreditor kan krevje gjelda frå anten den nye eller gamle deltakaren når gjeld frå før eigarskiftet skal krevjast inn.) Ny deltakar kan skriftleg be kreditorane til selskapet om å bli friteken for dette ansvaret.

Selskapsloven om eierskifte

 

Deltakars fråtrer

Ein deltakar kan med seks månaders skriftleg varsel seie opp deltakarforholdet sitt direkte til dei andre deltakarane. Deltakaren har då krav på å få utbetalt den verdien som delen er verd ved utgangen av oppseiingstida. Det kan avtalast både kortare og lengre oppseiingstid.

Ved tre høve kan ein deltakar seie opp deltakerforholdet sitt med omgåande verknad: 

  • Dersom selskapsforholdet er vesentleg misleghalde.
  • At deltakaren er blitt nedstemd ved fleirtalsvedtak i eit vesentleg spørsmål.
  • At det ligg føre rimelegheitsomsyn som gjev grunnlag for at deltakaren kan seie opp deltakarforholdet.

Om det ligg føre grunnlag for øyeblikkeleg oppseiing av deltakarforholdet må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Deltakaren har då krav på å få utbetalt den verdien som delen var verd direkte før utløysningsårsaka låg føre.

Ein deltakar som trer ut av selskapet er ansvarleg for forpliktingar som oppstod før deltakaren tredde ut av selskapet.

Selskapsloven om uttreden

 

Utestenging av deltakar

Ein deltakar kan skriftleg krevje at selskapsmøtet vedtek utestenging av ein annan deltakar. Eit slikt krav må meldast innan rimeleg tid etter at grunnen til kravet om utestenging oppstod. Om det ligg føre grunnlag for utestenging av ein deltakar må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle.

Selskapsloven om utelukking av deltaker

 

Korleis melde endringar i deltakarsamansetning?

Alle endringar i deltakarsamansetninga skal meldast til Føretaksregisteret ved at ny selskapsavtale vert send inn saman med Samordna registermelding 

Brønnøysundregistrene - slik registrerer du endringer for et ansvarlig selskap

Melding til Føretaksregisteret er ein føresetnad for å bli friteken for ansvar overfor kreditorane til selskapet.

Finst det berre ein deltakar igjen i eit ansvarleg selskap, er det ikkje mogleg å drifte dette vidare. Ønskjer du å fortsetje drifta som eit ansvarleg selskap må du då erstatte den/dei som har gått ut. Alternativt må selskapet slettast og drifta vidareførast i eit enkeltpersonføretak.

Brønnøysundregistrene om sletting av ansvarlig selskap

 

Endre til aksjeselskap

Du kan ikkje skifte organisasjonsform frå ansvarleg selskap til aksjeselskap. Etter nærmare reglar kan du stifte og registrere eit aksjeselskap og drive aktiviteten vidare gjennom det nye aksjeselskapet. Aksjeselskapet vil då drivast vidare med nytt organisasjonsnummer. Dersom du oppfyller nærmare angjevne vilkår vil du kunne gjere ei skattemessig omdanning.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema