Design

Omgrepet "design" vert bruka i fleire samanhengar med ulik betydning. I denne samanhengen meiner vi – svært forenkla – utsjånaden til eit produkt eller til ein del av eit produkt.


Med ei designregistrering får du eit dokumentert registreringsbevis som kan vere til hjelp for å stoppe ulovlege etterlikningar av utsjånaden til produktet ditt.  Designregistreringa gjev eineretten til alle utformingar som gjev same heilskapsinntrykk som det registrerte designet. Den som har retten til eit design kan søkje om å få registrert designet hos Patentstyret. Både verksemder og enkeltpersonar kan søkje.

Patentstyret om designregistrering

Kva kan du designregistrere?

  • alle slags fysiske gjenstandar frå bygningar til tannbørstar, bilar, klede, emballasje eller møbel
  • delar av ein gjenstand, som hovudet på ein tannbørste, armlenet på ein stol eller hanken på ein kopp
  • skjermbilete og ikon for dataskjermar
  • animasjonar, slik som ikon for dataskjermar som viser ei gjenteken rørsle
  • typografiske skrifttypar
  • grafiske symbol og logoar
  • mønsteret på eit servise eller eit stoff (ornamentering)
  • eit interiørmessig arrangement, som for eksempel eit kaféinteriør eller eit utstillingsvindauge
  • eit eksteriørmessig arrangement, som for eksempel eit parkanlegg

Nokre vilkår for å få ei gyldig designregistrering

Designet må vere nytt, og det må gje eit anna heilskapsinntrykk enn frå tidlegare kjende design. Tekniske løysingar kan ikkje designregistrerast, men dei kan på visse vilkår vernast gjennom patentering. Du kan vise produktet ditt på marknaden inntil 12 månader før du sender inn søknaden, men du vil ikkje ha designvern i denne perioden.

Kor lenge varar ei designregistrering?

Ei designregistrering varar i 5 år frå den dagen du leverer søknaden, og kan fornyast kvart femte år i inntil 25 år. Reservedelar som vert bruka til å reparere eit produkt for å gje det tilbake den opprinnelege utsjånaden, kan berre registrerast for 5 år og kan ikkje fornyast. Sjølv om ei designregistrering er gått ut, kan produktet framleis vere verna av anna lovgjeving, for eksempel åndsverklova eller marknadsføringslova.

Før du søkjer designregistrering

Dersom du er usikker på om designet ditt er nytt og om det gir eit anna heilskapsinntrykk frå tidlegare design, kan du undersøkje om det finst liknande design i designregisteret hos Patentstyret frå før.

Du kan sjølv sjekke designregisteret i Patentstyrets database, eller bestille ei forundersøking frå Patentstyret for å finne ut om det finst registrert design som liknar på produktet ditt.

Patentstyret – Søketeneste for patent, design og varemerker i Noreg

Patentstyret om forundersøking

Korleis søkje designregistrering?

For å søkje om designregistrering, brukar du søknadsvegvisaren på Patentstyrets nettsider. Søknadsvegvisaren gjev deg ein enklare og raskare søknadsprosess. Du kan skrive og levere søknaden din, betale og få kvittering i éin operasjon.

Alternativt kan du sende søknad om designregistrering til Patentstyret via Altinn. Du må betale eit søknadsgebyr før søknaden vert behandla, sjå prisliste hos Patentstyret. 

Patentstyret – Prisar registrering av design

Klage på andres design

Dersom du meiner at Patentstyret har registrert eit design som ikkje er nytt og/eller manglar individuell karakter, kan du krevje at Patentstyret slettar registreringa. Dersom du meiner at du har betre rett til designet enn den som er ført opp som innehavar, kan du krevje å få retten overført til deg. Dette gjer du ved å sende inn eit krav om administrativ overprøving til Patentstyret og dokumentere påstandane dine.

Informasjon om vilkår, klagefristar og framgangsmåtar finn du hos Patentstyret.

Patentstyret – Klageordningar design

Finn ein rådgivar på IPR-hjelp.no

Hald deg oppdatert gjennom Patentstyrets kurs

Patentstyret tilbyr ulike kurs om korleis du kan verne verdiane dine gjennom patent og varemerke- og designrettar. Dei fleste av kursa er gratis, og mange vert strøymde slik at du kan følgje dei der det passar deg.

Patentstyrets kurstilbud

Åpne kontaktskjema