Forskotstrekk/skattetrekk lønn

Som arbeidsgjevar må du trekkje skatt av lønn og anna godtgjersle som du betalar ut til dei tilsette. Kor mykje du skal trekkje i skatt finn du i skattekortet til arbeidstakaren.


Alle arbeidsgjevarar er ansvarlege for å laste ned skattekortet til dei tilsette. Dette gjer du i Altinn. Det er to måtar å gjere dette på, i eller utanfor eit lønnssystem.

Skjema "RF-1307 Bestill elektronisk skattekort"  vert bruka for å hente skattekort manuelt

Skjema "RF-1211 Bestill elektronisk skattekort på fil" vert bruka for å hente ned elektronisk skattekort til lønnssystem. Du må sjølv undersøkje om lønnssystemet du brukar støttar denne Altinn-tenesta.  

Skattebetalingsloven om forskuddsskatt

Eigen skattetrekkskonto

Det må opprettast ein eigen skattetrekkskonto i banken. Dette er ein spesiell konto der pengane står låste og kan berre utbetalast til skatteoppkrevjaren. Dette fordi skatten du har trekt av lønna tilhøyrer dei tilsette. Banken din veit kva det gjeld når du ber om å få opprette ein skattetrekkskonto.

Det er også mogleg å ha ein bankgaranti i staden for ein skattetrekkskonto.

Rapportering og betaling

Forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift skal innbetalast 6 gonger i året. Grunnlaget for betalinga finn du i a-meldinga som du plikter å rapportere den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller andre godtgjersler. Det vert ikkje sendt ut eit eige krav frå skattemyndigheitene.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema