Løyve

I nokre bransjar kan det stillast visse krav eller løyve, godkjenningar og bevillingar for å drive verksemd. Sjekk kva for reglar som gjeld for deg før du startar opp.


Regelstyrte bransjar

Eksempel på bransjar som må ta stilling til reglar er servering, sal av alkohol og overnatting, reingjering, transport, bygg og anlegg og bemanning.

Serveringstadar

Skal du starte serveringsstad med alkoholservering må du søkje kommunen om serveringsbevilling og skjenkebevilling. Før det kan søkjast bevilling må du som innehavar eller dagleg leiar på førehand ha teke ein etablererprøve som viser kunnskap om serveringslova og alkohollova. Serveringstadar har meldeplikt til Mattilsynet, og bygningen der verksemda skal drivast må vere godkjend av kommunen.

Reinhaldstenester

Skal du selje reinhaldstenester må verksemda vere godkjend reinhaldsverksemd av Arbeidstilsynet. I tillegg er verksemda pålagd å utstyre arbeidstakarane sine med HMS-kort for reinhaldsbransjen.

Godstransport på veg

Det vert kravd godkjenning frå Statens vegvesen før du kan starte godstransport med motorvogn over 3 500 kg.

Drosjeløyve og annan persontransport

For å kunne drive med persontransport treng du løyve frå anten fylkeskommunen eller Statens vegvesen. Det er fleire typar løyver. De Dei vanlegaste er løyve for å køyre drosje, minibuss inntil 8 personar (selskapsvognløyve) og buss (turvognløyve).

Bygg- og anlegg

Alle verksemder som utfører arbeid på byggje- og anleggsplassar er pålagde å utstyre arbeidstakarane med HMS-kort bygg og anlegg.

Bemanningsbyrå

Skal du drive med utleige av arbeidskraft treng du å registrere verksemda hos Arbeidstilsynet.

 

Uavhengig av bransje må mange søkje kommunen i samband med for eksempel bygging, bruksendring eller omgjering av lokale.

Det kan vere ein god start å snakke med ein rettleiar eller ein av dine eigne kontaktar som har god oversikt.

Her finn du ei oversikt over kva for løyve som gjeld

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema