Starte og registrere allmennaksjeselskap (ASA)

Når du skal starte eit allmennaksjeselskap må du velje namn, stifte selskapet og skaffe til vegar aksjekapital. Deretter skal selskapet registrerast. Her får du vite kva som krevst for å starte eit allmennaksjeselskap, og korleis du går fram når du skal registrere selskapet.


Føresetnadene for å starte eit allmennaksjeselskap:

  • Eit allmennaksjeselskap kan stiftast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske personar (eksempelvis aksjeselskap eller foreiningar) kan vere stiftarar.
  • For å vere stiftar eller ha ei anna rolle i eit allmennaksjeselskap må du ha fylt 18 år.
  • Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

Stifte og registrere allmennaksjeselskap

Slik stiftar og registerer du allmennaksjeselskap når alle som skal ha roller i selskapet har norsk fødselsnummer eller d-nummer

  1. Stift allmennaksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter og signer desse.

    Krav til stiftelsesdokument for ASA

  2. Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 1 million norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar).
  3. (Stadfestinga kan også gjevast av ein advokat eller autorisert rekneskapsførar.)
  4. Registrer allmennaksjeselskapet ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding" i Altinn.
  5. Legg ved stiftelsesdokument, vedtekter og stadfestinga på innbetalt aksjekapital.

    Nødvendige vedlegg ved registrering av ASA

Send meldinga til signering. Då får du tilsendt meldinga elektronisk og kan signere meldinga.

Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboksen" i Altinn.

  1. Stift allmennaksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter og signer desse.

    Krav til stiftelsesdokument for ASA

  2. Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 1 million norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar.)
  3. Registrer allmennaksjeselskapet ved å fylle ut papirskjema for registrering av allmennaksjeselskap (Samordna registermelding - Del 1 - Hovudblankett) og søknad om tildeling av d-nummer (eitt skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket) og send desse inn samla per post. Legg ved stadfesting på innbetalt aksjekapital og stadfesta kopi av gyldig legitimasjon for dei som skal ha d-nummer.

    Samordnet registermelding - hovedblankett (for nedlasting)


    Søknad om tildeling av D-nummer


    Nødvendige vedlegg ved registrering av ASA



  4. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet for registrering av selskapet.

Utanlandsk statsborgar

Dersom du ikkje er statsborgar i eit EU/EØS-land, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI - søk om oppholdstillatelse

Namn på allmennaksjeselskap

Allmennaksjeselskap må ha føretaksnemninga "allmennaksjeselskap" eller forkortinga "ASA" foran eller bak selskapsnamnet. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Frist for registrering

Melding om registrering av selskapet må vere mottatt av Føretaksregisteret seinast tre månader etter at føretaket er stifta. Selskapet kan normalt ikke på ta seg forpliktingar før det er registrert.

Kor lang tid tek det

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.

Brønnøysundregistrene - oversikt over oversikt over saksbehandlingstider

Kva kostar det

Registrering av eit allmennaksjeselskap kostar kroner 5 570,- ved elektronisk registrering i Altinn, og kroner 6 796,- ved registrering på papirskjema.

Ved registrering får selskapet eit organisasjonsnummer.

Endre frå aksjeselskap til allmennaksjeselskap

Eit aksjeselskap (AS) kan omdannast til allmennaksjeselskap (ASA) utan å endre organisasjonsnummer.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema