Ansvarleg selskap (ANS/DA)

Er de minst to personar som skal starte opp eiga verksemd? Samarbeider du godt med den/dei du skal starte opp med? Krev verksemda få investeringar, og tek du liten økonomisk risiko? Då kan du vurdere å etablere eit ansvarleg selskap.


Kjenneteikn ansvarleg selskap:

  • Uavgrensa personleg ansvar. Vert drive for eigaren si eiga rekning og eigen risiko.
  • Eigd av minimum to personar. (Fysiske og/eller juridiske personar)
  • Ingen krav til innskoten kapital.
  • Deltakarane kan ikkje vere tilsette i selskapet. (Men det er mogleg å ha tilsette).
  • Deltakarane har dårlegare sosiale rettar enn arbeidstakarane.
  • Er lite investorvenleg.

 

Hva er ansvarleg selskap?

Eit ansvarleg selskap er eit selskap der to eller fleire eigarar (deltakarar) samla eller kvar for seg har eit uavgrensa personleg ansvar for verksemda. Kreditorane til selskapet held seg i første omgang til selskapet, men kan ikkje selskapet gjere opp, så er det deltakarane sitt ansvar å gjere opp krava.

Ansvarlege selskap vert regulerte av selskapslova. Det er to hovudformer for ansvarleg selskap:

  • I eit ansvarleg selskap med solidarisk ansvar(ANS) har alle deltakarane eit uavgrensa og personleg ansvar for heile gjelda. Solidaransvar betyr at ein kreditor kan krevje ein av deltakarane for heile gjelda, og så er det opp til deltakarane å gjere opp seg i mellom.
  • I eit ansvarleg selskap med delt ansvar (DA) har deltakarane samla eit uavgrensa og personleg ansvar for heile selskapsgjelda, men kvar deltakar kan berre belastast opptil sin ansvarsdel. Kor stor ansvarsdel kvar deltakar har, må gå fram av selskapsavtalen.

Deltakarane sitt personlege ansvar for opparbeidd gjeld gjeld også etter at ein deltakar har gått ut av selskapet, dersom ikkje kreditoren har friteke deltakaren for ansvar. Deltakarar som trer inn i eit ansvarleg selskap vil også vere ansvarlege for forpliktingar inngåtte før deltakaren gjekk inn i selskapet

Brønnøysundregistrene om ansvarlig selskap (ANS/DA)

Selskapsloven om ansvarlige selskaper

 

Selskapsavtale

Selskapsavtalen er ein skriftleg avtale som deltakarane i selskapet skal skrive under på. Selskapslova stiller minimumskrav til kva selskapsavtalen skal innehalde, men det er også høve til å regulere forhold ut over minimumskrava. Nye deltakarar i eit ansvarleg selskap skal tiltre selskapsavtalen skriftleg.

Det er mogleg å endre ansvarsfordelinga frå ANS til DA eller omvendt utan at dette vil medføre nytt organisasjonsnummer. Ei slik endring gjer ein i selskapsavtalen og melder det til Brønnøysundregistera.

Selskapsavtale og -forpliktelser

 

Krav til kapitalinnskudd

Det er ikkje krav til innskot i samband med oppstart av eit ansvarleg selskap. Dersom eit innskot skal betalast inn må dette kome fram av selskapsavtalen. Dersom innskotet er gjort opp med anna enn pengar, skal selskapsavtalen også innehalde opplysningar om verdien av dei innskotne eigedelane.

Tilsett

Som deltakar i eit ansvarleg selskap er du ikkje tilsett, og får ikkje lønn. Det skal heller ikkje betalast arbeidsgjevaravgift av uttak til deltakarane.
Dersom selskapet tilset nokon som ikkje er deltakar i selskapet får selskapet arbeidsgjevaransvar, og må følgjeleg betale lønn og arbeidsgjevaravgift.

Sosiale rettar

Sjukepengar

Som deltakar i eit ansvarleg selskap vert du rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Med det har du normalt dårlegare sosiale rettar enn om du var arbeidstakar.

Sjølvstendige næringsdrivande har rett til sjukepengar frå 17. sjukedag, og då med 75 % dekning av sjukepengegrunnlaget. Dette i motsetning til arbeidstakarar som har 100 % dekning frå første dag. Du kan teikne ulike forsikringar for å betre sjukepengerettane dine.

Dagpengar

Som deltakar i eit ansvarleg selskap har du ikkje rett til dagpengar.

Pensjon 

Som deltakar i eit ansvarleg selskap tener du opp pensjon av næringsinntekta di. Ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Ver merksam på at ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Å spare til pensjon vil derfor vere viktig. Du kan også inngå private pensjonsavtalar.

Skatt

Deltakarane kan velje om dei vil ta ut overføringar frå selskapet som utdeling av overskot eller som arbeidsgodtgjersle. Dei betalar skatt av arbeidsgodtgjersla forskotsvis fire gonger i året. For å få krav om innbetaling må du sende inn skattekort der du gjev opp forventa godtgjersle. Skattekontoret vil på bakgrunn av dette rekne ut kor mykje skatt du skal betale.

For dei fleste skal det reknast 33,4 - 49,6 prosent skatt av arbeidsgodtgjersle (lønn til deltakarane), 22 prosent skatt av overskotet til selskapet og 22 prosent skatt av utdelingsgrunnlaget.

Skatt for ansvarleg selskap

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva) er ei omsetningsavgift på varer og tenester. Enkelte varer og tenester er unntatte frå mva, eller har reduserte satsar. Eit ansvarleg selskap som har hatt meirverdiavgiftspliktig omsetning på meir enn 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Skatteetaten om registrering i Merverdiavgiftsregisteret

Rekneskap

Med næringsverksemd følgjer normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og setje desse i eit system. Ansvarleg selskap vil i tillegg ha rekneskapsplikt dersom selskapet oppfyller nærmare krav. Rekneskapsplikta inneber at selskapet skal levere årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Dersom du ikkje har særleg kunnskap om rekneskapsføring bør du vurdere å setje bort denne jobben til ein rekneskapsfører.

I enkelte tilfelle vil eit ansvarleg selskap vere pliktig til å ha revisor.

Roller i ansvarleg selskap

Selskapsmøtet er øvste myndigheit i ansvarlege selskap. Deltakarane i selskapet er medlemar i selskapsmøtet og har møte- og stemmerett.
Ansvarlege selskap er ikkje pliktige til å ha styre eller dagleg leiar i selskapet, men selskapsmøtet kan likevel vedta dette.

Brønnøysundregistrene om roller i ansvarlig selskap

 

Løyve

Innanfor enkelte bransjar må ein ha løyve for å drive næringsverksemd. Eksempel på dette er serveringsverksemd og reinhaldstenester.

Noen fordelar og ulemper med ansvarleg selskap:

Fordelar

Enkelt å kome i gang
Ikkje krav om eigenkapital
Kan byggje opp eigenkapital med lågare skatt

Ulemper

Uavgrensa personleg ansvar
Deltakar kan ikkje tilsetjast
Lite "investorvenleg"

 Planlegging

Å starte eiga bedrift er ei stor og viktig avgjerd. Det kan også vere dyrt og tidkrevjande å få ideen din gjennomført. For å vite kva som vert kravd av deg er det viktig å bruke god tid på planlegging før du registrerer selskapet ditt.

Registrering og organisasjonsnummer

Registrering av ANS og DA skjer via Samordnet registermelding i Altinn. Det er et gebyr for registreringen på kroner 2 250,-.  

Etter at registreringa er godkjend får du tildelt eit organisasjonsnummer.

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema