Enkeltpersonføretak

Skal du starte for deg sjølv? Enkeltpersonføretak er ofte den enklaste måten å etablere ei bedrift på. Denne organisasjonsforma har nokre fordelar, og nokre ulemper. Det gjev deg stor grad av fridom, men kan også gje betydeleg risiko fordi du har personleg ansvar for økonomien.


Kva kjenneteiknar eit enkeltpersonføretak:

  • Uavgrensa personleg ansvar. Vert drive for eiga rekning og eigen risiko
  • Vert eigd av ein fysisk person
  • Kan ha tilsette. Men innehavaren kan ikkje vere tilsett i eige enkeltpersonføretak.
  • Innehavaren har dårlegare sosiale rettar enn arbeidstakarane.
  • Er ikkje ein eigen juridisk person.
  • Er lite investorvenleg.

Næringsverksemd

Eit vilkår for å registrere eit enkeltpersonføretak er at du driv næringsverksemd . For at ein aktivitet skal godtakast som næringsverksemd må han drivast for eiga rekning og eigen risiko, ha eit visst omfang og ei viss varigheit. Han skal over tid vere eigna til å gje overskot. Dersom aktiviteten din oppfyller desse vilkåra vil sannsynlegvis skatteetaten vurdere det til at du driv  næringsverksemd.

Tilsette

Som innehavar av eit enkeltpersonføretak er du ikkje tilsett og vert derfor ikkje rekna som lønnsmottakar. Du skal heller ikkje betale arbeidsgjevaravgift.
Du får ikkje lønn for jobben du gjer, men du disponerer overskotet og du kan gjere privatuttak. Du kan i prinsippet ta ut kor mykje/lite du vil til privat forbruk (privatuttak). Det er overskotet i føretaket som vert skattbar inntekt for deg.

Dersom du tilset nokon blir du arbeidsgjevar. Du må då betale lønn til arbeidstakaren, og rekne ut og betale arbeidsgjevaravgift av dette. Ektefellen din kan arbeide i føretaket og få ein del av overskotet, men ikkje tilsetjast.

Sosiale rettar

Sjukepengar

Som innehavar av eit enkeltpersonføretak vil du ha dårlegare sosiale rettar enn om du er arbeidstakar. Sjølvstendige næringsdrivande har rett til sjukepengar frå 17. sjukedag, og då med 80% dekning. Dette i motsetning til arbeidstakarar som har 100 % dekning frå dag ein. Du kan teikne ulike forsikringar for å betre sjukepengerettane dine.

Dagpengar

Du opparbeider ikkje rett til dagpengar av det du tener i enkeltpersonføretaket ditt.

Pensjon

Som innehavar av enkeltpersonføretak tener du opp pensjon av næringsinntekta di. Ver merksam på at ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Å spare til pensjon vil derfor vere viktig. Du kan også inngå private pensjonsavtalar.

Skatt

Du må rekne ut kor mykje føretaket ditt forventar å gå med overskot. Du melder forventa overskot som ei endring i skattekortet ditt. Skatteetaten vil så rekne ut kor mykje skatt du må betale. Enkeltpersonføretak betalar forskotsskatt fire gonger årleg. Generelt sett vil skatteprosenten liggje ein stad mellom 33,4-49,6%. Enkeltpersonføretak må levere skattemelding for næringsdrivande. 

Skatt for enkeltpersonføretak

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva) er ei omsetningsavgift på varer og tenester. Enkelte varer og tenester er unntatte frå mva, eller har reduserte satsar. Eit enkeltpersonføretak som har hatt meirverdiavgiftspliktig omsetning på meir enn 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Skatteetaten om registrering i Merverdiavgiftsregisteret

Rekneskap

Med næringsverksemd følgjer normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og setje desse i eit system. Dersom du ikkje har særleg kunnskap om rekneskapsføring bør du vurdere å setje bort denne jobben til ein rekneskapsførar.

Løyve

Innanfor enkelte bransjar må ein ha løyve for å drive eiga næringsverksemd. Eksempel på dette er serveringsverksemd og reinhaldstenester.

Nokre fordelar og ulempar med enkeltpersonføretak:

Fordelar

Enkelt å kome i gang
Låge kostnader ved oppstart
Få formelle krav
100 % eigarstyrt

Ulempar

Personleg ansvar
Avgrensa sosiale rettar
Forskotsskatt
Lite "investorvenleg"

Planlegging

Å starte eiga bedrift er ei stor og viktig avgjerd. Det kan også vere dyrt og tidkrevjande å få realisert idéen din. For å vite kva som vert kravd av deg er det viktig å bruke god tid på planlegging før du registrerer føretaket ditt.

Registrering og organisasjonsnummer

Det er gratis å registrere eit enkeltpersonføretak i Einingsregisteret.

Eit enkeltpersonføretak som skal drive med sal av varer som er kjøpte inn for vidare sal, ta pant i varelager eller ha meir enn fem tilsette må registrere seg i Føretaksregisteret. Dette kostar 2 250,- kroner ved elektronisk registrering i Altinn, og 2 832,- ved registrering på papirskjema.  

Brønnøysundregistera - slik registrerer du eit enkeltpersonføretak

 

Du får tildelt eit organisasjonsnummer når registreringa er behandla.

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema